May-Britt Bratseth på Farmen på Iglandsvik har tatt nokre grep, og greier å kapre kundar også frå byane.

– Det er enkelte som måpar over å finne ein slik butikk her. Det hadde dei ikkje tenkt, og det gjeld også folk frå Måløy, seier innehavar May-Britt Bratseth (55) på Farmen.

Konseptet i forretningsbygget på Iglandsvik er spesielt, og det består i dag av ein blomsterbutikk med gåveartiklar og kafé, og ein butikk med kle for damer og barn.

Mange varer har May-Britt Bratseth reist på messer og kjøpt inn, og ho seier sjølv at ho tar trendar lett.

– Eg plukkar kanskje berre det som er best. I Oslo må du gå og leite for å finne noko slikt som dette.

Ting gjekk ikkje slik det var planlagd i starten. May-Britt Bratseth opna gåvebutikk i ei tid for minimalistisk interiør, og starta frisørsalong, men vart dårleg i skuldrene. Ho hadde òg ein kafé med 65 sitteplassar.

– Eg måtte spørre meg sjølv kva eg skulle gjere, seier Bratseth, som skulle betale for huset ho hadde sett opp.

Først kom tanken om å starte med kurs.

– Men så byrja eg med damekle, seier Bratseth.

Det skulle vise seg å vere eit godt val.

– Det har gått bra i forhold til at dette er ein liten plass. Også mange med feriehus eller hytte kjem og handlar, seier Bratseth, som har kundar frå byane som heller kjøper kle i Bremanger.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.