Nordplan AS ønskjer å kjøpe seg opp til å bli større eigar i Fjordvarme AS.

No har dei kome med tilbod om å kjøpe 51 prosent av Eid kommune sine aksjar i selskapet.

Kommunen eig i dag rundt 88 prosent av aksjane i verksemda, men har tidlegare gjort vedtak om å kunne redusere eigardelen i selskapet ned mot 34 prosent.

Formannskapet i Eid har behandla saka, og meiner kommunestyret skal godkjenne tilbodet frå Nordplan.

Dei rår til at Eid kommune sel 6.630 aksjar i Fjordvarme As for 192 kroner per aksje.

Sjølve føretaket, Fjordvarme KF, vil framleis vere heileigd av Eid kommune.