Måndag 2. februar blir det slutt på lokal legeevakt i Vågsøy og Selje på kveldstid.

Dei to kommunane har sagt ja til å vere med på å utvide den felles legevaktordninga ved sjukehuset på Nordfjordeid frå natt til også kveld på vekedagane.

Treng du lege utanom ordinær kontortid ved legekontoret, så er nærmaste lege på Eid.

Legevakta er bemanna av fastlegane i samarbeidskommunane Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn, skriv IKHT Nordfjord i ei pressemelding.