Også dette semesteret vil lærar Johan Vadøy ta med seg lærdom om kystkultur og gamalt handverk rundt på alle skulane i Bremanger.

– Eg har gjort det ein seks, sju år no, og kjem til å halde fram, seier Vadøy.

Det læraren viser fram er korleis ein seiser kuler og den gamle kunsten med å «bitte» garn. Han viser også gamle fiskereiskap, not og garn og teiner, samt lærer vekk knutar som mellom anna halvstikk og båtmannsknop.

–Det begynner å bli lenge sidan ein brukte seisa kuler i fiske, men for ein 45 år sidan var det slike glaskuler ein brukte på seie- og torskegarn, I dag er dei mest til pynt, seier Vadøy.

Ein måtte også sjølv bøte og halde garna ved like. Ofte var det kvinnene som gjorde dette, medan mannen var ute på sjøen, fortel læraren.

Vadøy synest det er viktig at ungdommen får kjenne på det gamle handverket.

– Det er viktig å følgje røtene, kjenne korleis det var før, korleis dei levde. Ein kan sjølvsagt gjere alt på moderne måtar i dag, men det ligg verdi i å kjenne på korleis det var før. Det krev også fokus frå elevane å lage dette, og det har verdi i det oppjaga datasamfunnet.