Laurdag ettermiddag måtte politiet hjelpe til då to bilar kolliderte og ei åtteårig jente blei sendt på sjukehus for kontroll.

Det var litt før klokka to at politiet fekk melding om eit trafikkuhell mellom to bilar på Fv. 664 ved Vedvik i Eid kommune.

I alt fire personar var innblanda i ulukka.

Politiet opplyser at dei eine bilen har kome ut frå ein sideveg.

Ei jente på åtte år, som var i ein av bilane, blei sendt til Nordfjord sjukehus for kontroll.