Politi, ambulanse og Vågsøy brann- og redningsvesen rykte rundt klokka 12.00 fredag ut til ei trafikkulukke på Nord-Vågsøy.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier til Fjordenes Tidende at ein person har vore fastklemd.

Klokka 12.08 melde politiet sin operasjonssentral at ein bil har hamna på taket, og at ein person inne i bilen sat fastklemd ei stund.

Ulukka har skjedd på Kvalheim.

Fjordenes Tidende sin reporter som er på staden opplyste klokka 12.20 at då heldt luftambulansen på å lande.

Fjordenes Tidende oppdaterer saka.