Det var to personar i bilen som hamna utfor vegen og vart liggjande på taket på Kvalheim fredag, ein mann og ei kvinne.

Klokka 12.15 opplyste Sogn og Fjordane politidistrikt at begge var ute av den skadde bilen.

Begge personane vart sendt til legevakta i Vågsøy for kontroll, og etter det politiet opplyser til Fjordenes Tidende så skal det ikkje vere snakk om alvorlege fysiske skadar.

Politiet kan endå ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Eit Sea-king helikopter vart kalla ut, men dei returnerte når personane som sat i bilbelte vart tekne med til legevakta i Måløy.