Skogryddaren AS på Nordfjordeid er konkurs.

Dei har kravd buet sitt teke under behandling som konkursbu, melder Fjordane Tingrett.

Den samla gjelda i selskapet skal vere på over 2,6 millionar kroner, og den samla verdien i selskapet er på 874.000 kroner.

Retten har no opna konkursbehandling. Bubestyrar er advokat Per Kjetil Stautland.

Skogryddaren hadde i 2013 driftsinntekter på 12,5 millionar, mot 4,4 millionar kroner i 2010.