Julie Haugland Nes (16) og dei andre «kalenderjentene» tek ingen snarvegar.

– Det er mange som seier at kalenderen har veldig fine bilde, og mange er overraska over at vi har tatt bileta sjølve, seier Julie Haugland Nes, som er styreleiar i ungdomsbedrifta Kalenderjentene UB ved Eid vidaregåande skule.

Planen til jentene var å tene raske pengar ved å sette saman ein kalender frå ei nettside som har tilbod om slikt. Men læraren meinte at når ein går design og handverk, må ein kunne lage ein kalender frå grunnen av. Derfor kom Kalenderjentene UB ut med eit produkt som dei heilt og fullt har laga sjølve.

Skongsnes fyr

Saman med Astrid Haugen har ho vore ute og selt kalendrar og dei har fått berre gode tilbakemeldingar.

– Du får litt lyst til å fortsette arbeidet når du høyrer slikt, seier Julie.

Kalenderbildene, som alle er så begeistra for, viser natur. Motiva er henta frå Noreg og Polen, og den som har tatt flest bilde er Kristi Vedvik. Ho har mellom anna feriert i fyrvaktarbustaden på Skongenes fyr og fotografert solnedgangar der, og eitt av bilda er sett inn i kalenderen.

Men også Galdhøpiggen og andre kjende og ukjende naturmotiv er med.

– Vi har passa på å bruke rett bilde til rett årstid, fortel Kristi.

Tida flyr

I arbeidet med firmalogo hadde Julie Haugland Nes ei viktig rolle. Det var ho som kom opp med utkastet som bedrifta valte å jobbe vidare med. Det bygger på slagordet Tida flyr.

Julie seier at det første ho gjorde var å skrible ned idear i ei skissebok.

– Etterpå teikna eg inn på programmet Illustrator det vi ville bruke, og vi jobba vidare i lag.Logoen viser to venger og ein kalender med teksten Kalenderjentene.

Dagleg leiar Gip Ketthim seier at ein valde eit format som er litt mindre enn A5, slik at kalenderen kan vere praktisk å ha i veska eller på eit kontor.

– Storleiken gjer at kalenderen skil seg ut, påpeikar Gip.

Ho fortel at ein gjorde ei forbetring av kalenderen undervegs, etter at elevane hadde gått rundt og tatt opp bestillingar. Det kom fram eit ønske om at det skulle skrivast inn vekenummer, og det vart gjort.