Sjølv om dei jaktar draumen med eigne idear ser dei fire gründerane no fram til å kunne jobbe saman på Stadlandet.

– Eg gler meg til å gå på jobb og møte kollegaer, sjølv om vi har kvart vårt prosjekt, er det kjekt og nyttig å få høyre andre si meining, dele kunnskap og ha felles lunsjpausar, seier tekstilkunstnar Karina Siegmund

Tysdag var det klart for formell opning av eit nytt spennande gründerfellesskap på Stadlandet. Gründerane som no tek plass på kontoret er Camilla Monsen som vil tilby tenester innan Web-design og web-marknadsføring, tekstilkunstnar Karina Siegmund, fotograf og gründer av klesmerket Heimigarden, Helle Frogner, forfattar og journalist Calle Magnusson og systemutviklar Magne Thyrhaug.

Opningskveld

Svært mange tok turen innom for å vise si interesse for det nye kontorfellesskapet. Med klipping av snor, servering, blomsterhelsingar og taler vart det ei formell og staseleg opning av det nye kreative fellesskapet som har tatt plass i det gamle postbygget på Stadlandet.

– Det er absolutt verdt ei feiring. Vi må vise kva vi har jobba for, og vi ynskjer at bygdefolket skal kome å sjå kva vi vil med etableringa og kven vi er, seier Helle Frogner.

Frogner vil no ha eit eige studio i kontorfellesskapet. I tillegg vil det vere sal av varer frå Heimigarden, samt prosjekt frå Karina Siegmund.

– Det vil fungere som eit slags verkstadutsal, og det vil bli billigare å kome innom oss når vi er her enn å kjøpe det i butikkar. Så ynskjer vi så klart at folk skal kome innom oss for å sjå kva vi gjer, seier Siegmund.

Verkstadutsal

Sidan oktober har det vore aktivitet og oppussing i det gamle postbygget. Med ein endeleg opningskveld såg dei alle fram til den nye kvardagen i dei nye lokala.

Kontorfellesskapet ynskte å takke både frammøtte, bygdefolk, næringsliv, kjende og kjære for all hjelp og støtte, og håpar dei no kan gje noko tilbake ved å bidra til det lokale næringslivet.

– Det er veldig koseleg å sjå at så mange ville ta turen innom oss, det viser stort engasjement og interesse for arbeidet vårt, avsluttar Karina Siegmund.