Beate Liseth fra Vågsvåg går på media og kommunikasjonslinja på Firda vgs. Ho har hatt som skuleoppgave å skrive denne artikkelen.

Olav Barmen Trollebø frå Måløy og Henrik Ytrehus Førde frå Svelgen stortrivst som hybelbuarar.

– Det samlar seg mykje støv på møblane på rommet mitt, og eg er ikkje spesielt glad i å vaske, fortel Henrik Ytrehus Førde frå Svelgen.

Han bur på hybel på Sandane saman med Olav Barmen Trollebø frå Måløy, og gutane trivst svært godt.

– Vi har stor fridom, og kan gjere kva vi vil utan at nokon masar, seier Olav. Liv Ingunn Holvik er miljøkoordinator på skulen, og har oversikt over korleis det går med hybelbuarane. Ho held hybelkurs, og presiserer at det viktigaste når ein bur på hybel er å halde det reint og ryddig.

Ho kjenner fleire hybelvertar som er flinke til å kontrollere hyblane, men meiner at det framleis er mykje å hente hjå mange av hybelbuarane.

Viktige for skulen

På Firda vidaregåande skule bur 217 av 367 elevar på hybel. Hybelbuarane vert difor viktige både for skulen og Sandane.

– Firda hadde nok ikkje vore den same utan hybelbuarane. Det skapar eit heilt spesielt miljø med elevar frå mange stader. Skulen prøvar sjølvsagt å legge mest mogleg til rette for hybelbuarane, med tilbod som Open hall, innebandy, zumba, klatrekurs og Open skule.

Trollebø og Førde er samde om at å vaske, rydde og lage mat ikkje er like kjekt.

– Eg et overraskande lite ferdigpizza. Det går helst i halvferdig mat frå Stabburet eller Findus, som ein berre varmar opp. Elles får eg som regel med meg mat heimanfrå når eg har vore der, seier Henrik.Gutane fortel at dei også vert invitert på middag, både av hybelbuarar og fastbuande elevar. Holvik tykkjer det er bra at elevane et middag saman og er sosiale.

– Eg trur det er viktig for samhaldet mellom elevane at ein finn på slike kjekke ting på fritida. Det er så lite som skal til for å inkludere andre!

Må prioritere

– Det er som regel ikkje mykje att av stipendet etter ein månad. Mange har jobb og det er nok nyttig, seier gutane.

Holvik veit at elevane får lite pengar til å klare seg, men trur mange prioriterer feil.

– Økonomi er noko vi tek opp på hybelkursa for å lære elevane å planleggje pengebruken.– Eg trur ein veks utruleg mykje, og lærer ansvar ved å flytte for seg sjølv, seier Henrik.