Litt før klokka 07.00 måndag morgon skjedde det eit trafikkuhell på Fv 61 i Syltefjorden i Vanylven kommune.

Ein personbil køyrde av vegen og vart liggande på taket.

Den kvinnelege føraren klarte å komme seg ut av bilen sjølv. Ho vart køyrd til legevakta for sjekk av tilfeldige forbipasserande.

Politiet opplyser at kvinna var tilsynelatande uskadd.