Stamvegutvalet for E39 Sogn og Fjordane krev strakstiltak på ferjesambanda Lote-Anda og Lavik-Oppedal.

I eit brev til Statens vegvesen Region Vest påpeikar leiar Jenny Følling at dei er svært kritiske til at framkomsten på ferjesambanda ikkje fungerer slik som dei skal.

– Trafikkveksten på dei to sambanda er sterkt aukande og krev eit ferjemateriell som stettar krava til kapasitet, vind- og straumforhold på desse stadane. Framkomsten på E39 slik den har vore er uhaldbar overfor næringsliv, tungtransport, pendlarar og andre reisande, fastslår Følling.

Stamvegutvalet viser til at Lote-Anda er det tredje største ferjesambandet i Sogn og Fjordane, og mellom dei 15 mest trafikkerte sambanda i landet.

Utvalet ser med bekymring på byte av M/F Lote som har 4-motorar/trustar-propellar til M/F Lifjord med mindre motorkapasitet, noko som vil gjere at driftsstabilitet og regularitet blir dårlegare og som medførar at avgangar vert kansellerte.

Dei syner til nyleg driftsproblem med ferja, og påpeikar at dette er ekstra uheldig når ein i løpet av eit par år reknar med at det blir sett inn 20-minuttsavgangar på sambandet.