Dei endelege fangsttala for laks i Eidselva i sesongen i fjor er no klare, og viser ein svært dårleg laksesesong på Nordfjordeid.

– Dei viser det vi allereie var klar over, at sesongen var elendig, fastslår Eid Elveeigarlag på sine facebooksider.

Det vart tatt 86 tert med ei samla vekt på 138 kilo, 40 mellomlaks med samla vekt på 175 kilo og 36 storlaks med samla vekt på 323 kilo. Dette gir ein total fangst på 162 fisk med samla vekt på 635 kilo.

– Dette er truleg det dårlegaste året nokon gong, og mykje må nok tilskrivast vêrfor- holda. Når det gjeld sjøaure så vart det landa 133 aurar med samla vekt på 171 kilo. Dette er katastrofetal, fastslår elveeigarlaget.