Tolv unge menn står klare for å satse på solfangarar etter å ha jobba inn godt med kapital i TipGir UB.

I følgje busjettet skal TipGir UB ha klar 20.000 kroner for å kunne starte produksjon og sal av solfangarar.

– Men vi har tent meir enn det, og har litt å gå på, seier dagleg leiar Rasmus Kvile.

Heilt sidan i haust har TipGir, som har elevar frå vg1 teknologi og industriell produksjon (TIP) ved Eid vidaregåande skule, tatt på seg ei lang rekke jobbar for å få på plass startkapital for å kunne satse på eit nytt produkt.

No kan dei tolv elevane gå inn i klasserommet for å lære teori om solfangarar, og når kunnskapen er på plass kan dei køyre i gang.

Varmt tappevatn

– Vi har alt byrja å berekne kor store boksane skal vere og korleis vi kan få trykk på dei, seier Aleksander Egeberg frå Raudeberg.

Rasmus Kvile legg til at storleiken må vere effektiv. Vatnet skal ikkje bli for varmt og heller ikke for kaldt.Solfangarar utnyttar varme frå sola, og planen er at boksane skal lagast av aliminium og med flexiglas. Sola skal varme opp vatn i eit koparrør inne i boksane, og dermed skal ein kunne tappe varmt vatn til dømes til ein dusj på hytta.

TipGir vektlegg at solfangaren deira skal vere brukarvennleg og lett å montere, men også lett å demontere og vedlikehalde. Med den kapitalen ein har inne, kan ein få klar eit par utgåver, medan målet er 15 solfangarar dette skuleåret.– Men det er klart at prototypen blir den dyraste, seier Aleksander.