Det starta med eit ønskje om å skape gode musikkopplevingar for utflyttarar og fastbuande. Med fjorårets suksess under beltet satsar komiteen på ein ny runde Opplev Bremanger.

– Ein veit i alle fall at festivalen genererte meir aktivitet i Bremanger, seier Norvall Klungresæter.

I fjor gjekk startskotet for Opplev Bremanger. Ei heil veke blei krydra med musikk og yrande kulturliv i Bremanger. Med gode tilbakemeldingar og nye erfaringar, satsar komiteen på ei ny utgåve av festivalen, 9.– 12. juli i år.

Skal trekkje folk heim att

I ei rekkje år har Bremanger kunne skilte med Rockweekend, som har vore eit treffpunkt for både vaksne og særleg ungdom i kommunen.

– At det skjer noko som dette, er viktig for kulturlivet og fellesskapen, seier Klungresæter, som er med i årets arrangementskomité.Opplev Bremanger 2015 blir lagt opp etter same lest som fjorårsfestivalen, men over fire dagar i staden for ei heil veke.

– Tanken i fjor var å lage ein «happening» i Bremanger, noko som trakk folk heim igjen, skapte aktivitet og genererte gode relasjonar til Bremanger for utflytta og fastbuande. Eit kulturtiltak, rett og slett, seier Klungresæter, og fortel om gode tilbakemeldingar.

Blant anna tok 1500–2000 turen til utandørskonsert i Vetvika, medan irske Tupelo spelte i fjellsida.

– Det var ein heilt spesiell oppleving, men det kom mykje meir folk enn vi hadde rekna med. Det var jo noko vi aldri hadde gjort før.

Les meir i papirutgåva onsdag 4. mars.