– No har eg fått stålkontroll på økonomien, seier Monika Kvamme (43) på Nordfjordeid, som  i kveld er med i «Luksusfellen» på TV3.

Ho har blanda kjensler om å bli «allemannseige» når det gjeld økonomien sin.

– Men eg står støtt i bruduljane. Fordi eg gjekk så mange rundar med meg sjølv før eg vart med på programmet, så visste eg at eg måtte takle både det eine og det andre. Open som person har eg alltid vore, og er ikkje særleg redd for at folk skal få vite ei skuggeside av meg. Eg er framleis arbeidsjarnet Monika, ho som vil så mykje. Det var berre ein del av meg som var defekt, forklarer Monika.

Monika kjem opphaveleg frå Stad, men dei siste 14 åra har ho budd på Eid.

To kamera og eit fjernsynsteam på sju følgde Monika i fem dagar.

– Det var hyggelege folk. Dei rigga opp og tok over. Det var ein merkeleg situasjon.

Ho innrømmer det vart ein del tårer når ein må sjå seg sjølv med andre sine auge.

– Det var tøft, seier ho enkelt.

– Enkelte ting måtte vi også kvitte oss med, sjølv om det ikkje var mykje luksusprodukt. Det var heilt greitt, i alle fall det som handla berre om meg.

Les heile saka i vår onsdagsutgåve. TV-programmet ser du på TV3 i kveld klokka 20.30.