Jentene i Synleg UB, ungdomsbedrifta ved Eid Vidaregåande skule, har fått laga ei ny fargerik hue med refleks.

Synleg UB og dagleg leiar Marte Foss Iversen frå Husevåg i Vågsøy var i dag med på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Førde.

Synleg UB er ei lita bedrift med tre elevar frå vg1 design og handverk ved Eid vidaregåande skule. I tillegg til Foss Iversen er Heidi Drageset og Ellinor Vedøy Drageset frå Innvik med i bedrifta.

– Vi samarbeider godt, og vi brukar ikkje tid på å diskutere ting, seier Marte, som ser at det er ein styrke. Dei er så få at dei må bruke tida til å få gjort ting.

Ellinor seier at dei høyrer på kvarandre, og at alle jobbar godt saman.

Når Heidi, som tar seg av det meste på symaskin, har sydd ein feil, kan Ellinor ta på seg å rette han opp. Dermed blir ikkje Heidi lei av å sy. Klipping kan Ellinor og Marte seg av, for det likar ikkje Heidi.

– Ein dag var det ein elev som hjelpte oss med å klippe refleksar, fortel Ellinor, som seier at dei er glade for ei handsrekking.

– Når du ser på hua vi har laga, ser du at det er gjort skikkeleg arbeid, seier Ellinor.

Les meir om ungdomsbedrifta i papirutgåva onsdag 4. mars.