Under kystpilegrimskonferansen blir det òg sett fokus på klimadebatten og vernet om skaparverket.

– Søndag er startsteget for klimapilegrim 2015, der det skal arrangerast pilegrimsvandringar i heile landet. Desse koplar seg på vandringar i Europa og endar opp i Paris til klimatoppmøtet 1. desember, fortel Ragna Sofie Grung Moe, seniorrådgjevar kultur i Bjørgvin bispedøme.

I år er det 1.000-årsminnet til den heilage Olav si ilandstiging, men det blir òg fokusert på klimadelen, der det på søndag er nasjonal markering av skaparverket sin dag.

– Og det er også ein anledning for den norske kyrkja til å minne om at jorda ikkje er til for oss, men vi har likevel vel så mykje ansvar for å ta vare på jorda.

Under pilegrimskonferansen handlar det blant anna mykje om at ein skal vere bevisst på når ein rører seg i landskapet og at ein er ven med landskapet.

– Ein skal verne om skaparverket når ein bruker det, og ikkje ha forbruksmentaliteten, fortel Grung Moe, og viser til Grønn kirke si deltaking, noko ho meiner gir inspirasjon til korleis vi som enkeltpersonar og kyrkjelydar kan bli meir klima- og miljøvennlege.

Les heile saka i onsdagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.