31. mars er det igjen tid for Påsketreff på Nordfjordeid der regionen sine arbeids- og bumoglegheiter vil bli vist fram.

Under arrangementet vil òg Malakoff Rockfestival sleppe årets program.

Næringslivet, kommunar, skular og andre aktørar viser fram arbeids- og bumoglegheitene i Nordfjord under det tradisjonelle arrangementet Påsketreff, i Operahuset Nordfjord 31. mars.

Påsketreffet på Nordfjordeid er ein samlingsstad for dei som er interesserte i å arbeide, bu, leve eller etablere seg i Nordfjord, skriv Nordfjord Vekst i ei pressemelding om det kommande påsketreffet i Operahuset Nordfjord.

Her skal gjestene og næringslivet vere i fokus. Og etter ein dag med arbeids- og bumoglegheiter, vil Malakoff Rockfestival saman med Sparebanken Vest seinare på kvelden stå for lanseringa av årets Malakoff-program i Gymmen. I tillegg lovar dei andre overraskingar i Gymmen denne kvelden.

Frå før av er allereie Mew, Seigmen, Susanne Sundfør, Honningbarna, The Toy Dolls, Team Me og Thea Hjelmeland bekrefta til festivalen, men 31. mars får ein altså det endelege programmet for den store rockefestivalen i Eid.