Dette innlegget hadde fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, på trykk i Fjordenes Tidende onsdag 4. mars:

Eit fyl­ke un­der press

Det er ik­kje ber­re kom­mu­ne­struk­tu­ren som er i end­ring. Fyl­kes­kom­mu­nen og dei fles­te lo­ka­le og re­gi­o­na­le statlege eta­ta­ne er lagt un­der lupa. I sum kan struk­tur­end­rin­ga­ne få sto­re kon­se­kven­sar for Sogn og Fjor­da­ne fyl­ke.

Om kort tid skal Stor­tin­get av­gje­re om vårt po­li­ti­dist­rikt vert slått sa­man med Hor­da­land. Re­gje­rin­ga vil at po­li­ti­et sine ope­ra­sjons­sent­ra­lar skal loka­li­se­rast sa­man med naudmeldesentralane i brann- og red­nings­te­nes­ta, noko som kan bety at 110-sent­ra­len òg vert flyt­ta til Ber­gen. I til­legg er det er det i gong struk­tur-drøf­tin­gar på des­se om­rå­da:

- Høg­sku­lar og uni­ver­si­tet

- Fly­plas­sa­ne

- Fis­ke­ri­di­rek­to­ra­tet

- NAV

- Fyl­kes­men­ne­ne

- Skat­te­eta­ten

- Ting­ret­ta­ne

- Jord­skif­te­ret­ta­ne

- Mat­til­sy­net

- Fyl­kes­kom­mu­na­ne

Fram mot haus­ten ar­bei­der hel­se­sty­res­mak­te­ne med ein na­sjo­nal sjukehusplan som òg vil ta føre seg sju­ke­hus­struk­tu­ren. Fyl­ket vårt har alt vore gjen­nom eit vans­ke­leg struk­tur­ar­beid. Pla­nen vil tru­leg ik­kje gje sto­re end­rin­gar for våre sju­ke­hus – så sant hei­le fyl­ket slut­tar opp om sent­ral­sjuke­hu­set vårt, ink­lu­dert AMK. Na­bo­fyl­ket vårt i nord står no føre minst like krev­jan­de struk­tur-run­dar som dei vi har gjen­nom­ført.

Kvi­for er des­se statlege og fyl­kes­kom­mu­na­le verk­sem­de­ne vik­ti­ge? Gjer det re­gi­o­na­le ni­vå­et no­kon skil­nad her i fyl­ket? Ja, i al­ler høgs­te grad, meiner eg.

Des­se verk­sem­de­ne er at­trak­ti­ve ar­beids­plas­sar for høgt ut­dan­na ung­dom. Dei bi­dreg til det lo­ka­le næ­rings­li­vet, t.d. ho­tell-, han­dels- og byg­gjebran­sjen. Re­gi­o­na­le lei­a­rar har man­ge mø­te­plas­sar med po­li­tis­ke og ad­mi­nist­ra­ti­ve lei­a­rar i de­par­te­men­ta, der fyl­ket sine fortrinn og ut­ford­rin­gar vert for­mid­la.

Det al­ler vik­ti­gas­te er at lei­a­rar som er til sta­des i fyl­ket, har lo­kal­kunn­skap, nett­verk og hand­lings­rom til å ini­ti­e­re og ta del i sat­sin­gar som gag­nar fyl­ket og inn­byg­gja­ra­ne.

Sogn og Fjor­da­ne er eit fyl­ke som pres­te­rer godt på dei fles­te levekårsindikatorane. Eg mei­ner at den vik­ti­gas­te grun­nen er at vi har eit særs godt sa­mar­beid mel­lom dei sent­ra­le ak­tø­ra­ne, alt­så Fyl­kes­man­nen, fyl­kes­kom­mu­nen, Nav, Høg­sku­len i Sogn og Fjor­da­ne, Po­li­ti­et, NHO, LO, KS og kommu­na­ne. For å bru­ke mo­der­ne språk har vi «ro­bus­te samarbeidsstrukturar», der uli­ke eta­tar er van­de med å ar­bei­de tett i lag for å nå fel­les mål.

Dei fles­te i fyl­ket tyk­kjer det er stor stas når kunn­skaps­mi­nis­te­ren og sku­le­folk i and­re fyl­ke sei­er «Look to Sogn og Fjor­da­ne». Vi har gode sku­le­resul­tat, vi ligg i land­stop­pen når det gjeld gjen­nom­fø­ring i vi­da­re­gå­an­de sku­le, og vi har ut­vik­la eit skuleeigarprogram som har dan­na mo­dell for res­ten av lan­det. Vil­le det­te vore mog­leg utan eit om­fat­tan­de sa­mar­beid mel­lom kom­mu­na­ne, høg­sku­len, fyl­kes­kom­mu­nen, Fyl­kes­man­nen og arbeids­ta­kar­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne? Be­red­skap, fol­ke­hel­se, kli­ma, frukt og bær og IKT er and­re døme på om­rå­de der fyl­ket har mar­kert seg tak­ka vere godt sa­mar­beid.

I av­ta­len om Politireforma mel­lom re­gje­rings­par­tia og Venst­re vert det opna for ei sam­lo­ka­li­se­ring av AMK-sent­ra­la­ne med sent­ra­la­ne for brann og po­li­ti. Helse Vest har sagt at dei ik­kje har sli­ke pla­nar. I sta­den job­bar dei med eit pro­sjekt for så­kal­la vir­tu­el­le AMK-sent­ra­lar, der sent­ra­la­ne kan koplast sa­man ved stør­re hen­din­gar. Det­te er ei fram­tids­ret­ta løy­sing som òg sik­rar nær­leik og lo­kal­kunn­skap.

I Fyl­kes­man­nen si høy­rings­frå­segn til Politireforma, pei­ka vi på at vir­tu­el­le sent­ra­lar òg kan vere ei løy­sing for po­li­ti- og naudalarmsentralane. Enno ver­kar hel­se­ve­se­net å vere kom­ne leng­re i å ten­kje nye tek­no­lo­gi-løy­sin­gar enn jus­tis­sek­to­ren.

Kan sen­ter­sat­sing og tek­no­lo­gi dem­me opp for flyt­ting?

Struk­tur­end­rin­ga­ne i den re­gi­o­na­le sta­ten har skjedd jamt og trutt dei sis­te 20 åra, ved at statlege verk­sem­der er slått sa­man til stør­re ei­nin­gar som dek­kjer flei­re fyke. Vi må hei­le tida sjå på kor­leis vi kan job­be smar­ta­re og le­ve­re bet­re te­nes­ter, og då kan end­rin­gar både i or­ga­ni­se­ring og ar­beids­må­tar vere nød­ven­di­ge. Eg sak­nar li­ke­vel merk­semd på kva­li­te­tar og re­sul­tat som vert opp­nådd i Sogn og Fjor­da­ne når de­bat­ten går om kvar vik­ti­ge funk­sjo­nar skal sam­last. Tyng­de­kraf­ta rår, og fol­ke­ta­let vert den vik­ti­gas­te pre­mis­sen.

Kva kan vi gje­re med det?

- Vi må hal­de samhandlingsfana høgt. Flei­re makt­ut­grei­in­gar, Gjørv-kom­mi­sjo­nen og sent­ra­le po­li­ti­ka­rar har trekt fram be­ho­vet for meir sam­handling for å løy­se vik­ti­ge ut­ford­rin­gar. Når sva­ret i sta­den vert sek­tor­vi­se struk­tur­end­rin­gar utan at no­kon tek grep om heil­ska­pen, må vi seie i frå.

- Vi må de­monst­re­re kor­leis tek­no­lo­gi kan vere eit al­ter­na­tiv til fy­sisk sam­lo­ka­li­se­ring.

- Vi må er­kjen­ne at statlege ar­beids­plas­sar vert kon­sent­rer­te til fær­re sta­der i fyl­ket, og di­for bør vi sat­se ty­de­le­ga­re på re­gi­on­sent­ra våre. For å behal­de og til­trek­kje seg nye statlege ar­beids­plas­sar, krevst det ein viss stor­leik på ar­beids­mark­na­den, til­gang på ar­beids­kraft, nær­leik til ut­dannings­ins­ti­tu­sjo­nar og god in­fra­struk­tur.

- Kom­mu­na­ne må ta med det som skjer på stat­leg side når dei fram­over skal vur­de­re kom­mu­ne­struk­tu­ren. Ekspertutvalet som har vur­dert kri­teria for god kom­mu­ne­struk­tur, pei­kar på at flei­re av da­gens opp­gå­ver og nye opp­gå­ver til kom­mu­na­ne, krev minst 15 000-20 000 inn­byg­gja­rar. Eit stør­re folketalsgrunnlag kan òg bi­dra til å sik­re og vi­da­re­ut­vik­le statlege ar­beids­plas­sar i våre kom­mu­nar.

- Kom­mu­na­ne er grunn­mu­ren i vel­ferds­sta­ten vår. Den sto­re au­ken i ta­let eld­re og min­kan­de ol­je­inn­tek­ter, gjer at sam­fun­net fram­over må bru­ke meir res­sur­sar på å le­ve­re gode te­nes­ter til folk, og mind­re på å dri­ve ad­mi­nist­ra­sjon. Det­te er ein av pre­mis­sa­ne for kom­mu­ne­re­for­ma, som vi må ta inn­over oss her i fyl­ket. Vi må òg for­ven­te at det­te be­tyr ein mind­re topp­tung stat.

Sist, men ik­kje minst: Vi må bli endå flin­ka­re til å syne fram det vi er gode på her i fyl­ket, og vi må job­be har­da­re enn alle and­re for å nå fram i ei tid der re­for­me­ne kjem som per­ler på ei snor.