Ein semitrailer fekk fredag føremiddag motorstans inne i Brunsviktunnelen på Rv 15 i Vågsøy.

Ein politipatrulje vart sendt ut for å dirigere trafikken.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politikammer, Espen Gulliksen, seier til Fjordenes Tidende at billistar må vere merksame på at traileren står der og stenger eine køyrefeltet.

Han seier den kan kome brått på andre bilførarar.