20.- 22. mars er ungdommar frå heile fylket samla på Skei i Jølster for å delta på fylkesting for ungdom.

Fylkesting for ungdom er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Alle ungdomsråda i fylket og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar er invitert til tinget.

- Vi gleder oss stort til å ta imot ungdommar frå heile fylket til årets fylkesting for ungdom. Det har vore nokon travle månader med planlegging og vi er godt nøgde med programmet vi har i år, fortel Dag Henrik Nygård frå Ungdomspolitisk Utval. Ungdommane vil få opplæring i å skrive innlegg, og i tale- og debatteknikk. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, kjem med ei helsing til tinget. Det skal også veljast nytt Ungdomspolitisk Utval. Skal drøfte innsparingskravAlice Holm er også med i Ungdomspolitisk utval, ho fortel at årets tema for tingsetet er innsparingskrava til fylkeskommunen; - Vi kjem til å køyre felles innleiing om tema, etterfølgt av gruppesamtalar. Sluttresultatet vil bli ein uttale frå ungdommen i fylket, seier ho. SpørjetimeAlle fylkestingspolitikarane er invitert til å delta på spørjetimen. Føremålet med spørjetimen er at det skal vere ein debatt som går begge vegar. Her får politikarane og ungdommane møte kvarandre, stille spørsmål om ting dei lurar på og debattere om saker som opptek dei.