Inspektør i Statens vegvesen, Reidun Tryggestad, seier det er mange unge bilførarar og ungdom som slurvar med å bruke bilbelte.

- På dei siste trafikk-kontrollane vi har  gjennomført har vi skreve ut fleire gebyr enn vanleg på ungdom. Mange slurvar med å bruke bilbelte. Vi håpar kontrollane våre bidreg til å setje fokus på kor viktig det er å bruke bilbelte, seier Tryggestad.

Under ein kontroll på Rv 15 Haugen og Nordfjordeid onsdag fekk tre unge bilførarar bøter for å ikkje bruke bilbelte.