Vågsøy Historielag tromma saman lærar-veteranar for ei mimreøkt på ungdomsskulen.

Alle på dette biletet pensjonistar, men i sitt yrkesaktive liv var dei lærarar. Dei har òg det til felles at i 1965 var dei med i lærarkollegiet på 35 som underviste ved den nybygde skulen dette fyrste året, skriv Vågsøy Historielag i ei pressemelding.

Historielaget tromma desse veteranane saman til ei mimreøkt på ungdomsskulen. Tanken var at dei skulle få snakke fritt om korleis dei opplevde å vere med å starte opp ungdomssteget i den 9-årige grunnskulen i Vågsøy. Dette var ei nyskaping i skuleverket den gongen. Nytt var det også at skulen samla årskulla frå heile Vågsøy kommune.

Praten gjekk livleg om skulekvardagen for 45–50 år sidan. Åtte parallellklasser var det på kvart av dei to årstrinna som starta i 1965, og i tillegg to klassar frå realskulen, til saman over 450 elevar.

Mangt har endra seg, kunne ein konstatere, då noverande rektor Kåre Bakke slapp til med orientering om skulen i dag, og om planane for renovering av bygningsmassen.

Historielaget stilte med skrivarar som tok notat og følgde opp med spørsmål. Resultatet av mimrestunda vert å finne i historielaget si årbok for 2015, fortel historielaget i ei pressemelding.