– Det kjem folk frå heile verda til Hoddevik for å surfe. Kvifor skal ikkje vi frå Nordfjord òg dra dit, seier Bjarte Øygard.

Laurdag og sundag arrangerer Gloppen Padleklubb surfesymposium med havkajakk i Hoddevik på Stad. Totalt vert det 16 deltakarar som kjem frå Trondheim til Stavanger.

– Først inviterte vi våre medlemmar, så opna vi invitasjonen, forklarer Øygard og seier det kjem både nybyrjarar og dei som har drive med padling lenge. For gruppa på 16 reiser nemleg ikkje til Hoddevik for å surfe på brett.

– Vi skal lære å surfe med kajakk, noko som kan vere utfordrande, men samtidig fantastisk moro, fortel Øygard som meiner Hoddevik er ein fantastisk plass.

– Det er jo unike surfeforhold, og opplegget med Stad Surfing som har hus og godt kjøken, og gode instruktørar frå God Tur i Bergen gler vi oss til. Det vert kortreist moro, rett og slett, seier Øygard og ler.

Under førebuingane var Øygard litt rundt om på Stadlandet for å sjå på alternative stader å kurse på ettersom Hoddevik kunne by på sjø som er for grov til dei som er nybyrjarar.

– Overalt møtte eg kjekke, imøtekomande folk som velvillig opna nedlagd skule for oss, sjekkar og opnar vinterstengde toalett, står til teneste som lokale bølgjevarslarar, knyter konktakt og meir til. Det er ein fryd og ei stor glede å få vere med på å arrangere noko i ytre Nordfjord, rosar han og rettar ei stor takk for all den gode hjelpa dei har fått.

Dei 16 deltakarane kjem frå Trondheim, Sunnmøre, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Bergen, Skudeneshavn, Stavanger og Vestfossen.

No håpar dei på perfekte forhold – ikkje for flatt hav, men heller ikkje dei hardaste stormane.

– Det kjem til å bli ei triveleg helg og eg oppfordrar folk til å kome for å sjå. For det kan bli litt av eit syn når kajakken slår seg gjennom bølgja.