– Det er stor spenning kring påskefilmen som er laga. Kven er med? Blir det mord? Kven blir i så fall myrda og kven har gjort det, fortel Inger Igland Kvamme i Bremanger musikklag.

I kveld arrangerer musikklaget Palmesus, Krim og dans i Polja i Strandhallen og den store snakkisen er den komande krimfilmen som har blitt lagd.

– Eg er like spent sjølv, så dei som vil vite korleis krimmen går i år, må møte opp, seier Inger som ventar i spenning på filmen. Interessa kring påskearrangementet har vore god, men Inger fortel at det er nokre billettar igjen for dei som framleis ikkje har sikra seg plass.

– Det vart fullt hus i fjor og det er ikkje plass til meir enn 100 menneske, fortel ho og seier at når showet er over og langbordet pakka vekk, kan dei sleppe inn fleire for dansen med Norvalls danseorkester.