Adm.dir. i Paneda AS Geir Gjørsvik let seg begeistre då han og resten av styret i NHO Sogn og Fjordane var på studietur i Brussel.

No håpar han at andre bedrifter kan få opp auga for støtteordningane i EU når NHO arrangerer Europadag i Jølster 16. april.

Paneda eig og driftar blant anna 200 TV-sendarar i Norge og nyleg vant Paneda DAB ei stor kontrakt på å oppgradere 22 tunnelar i Oslo-området frå FM til DAB-kring- kasting med naudinnsnakk.

Som del av NHO Sogn og Fjordane sin styretur til Brussel, fekk Geir Gjørsvik i Paneda auga opp for moglegheitene i EU.

– Vi blei orientert om kva moglegheiter norske bedrifter har til å få draghjelp til å utvikle nye produkt, finne samarbeidspartnarar og få detaljert kunnskap om den europeiske marknaden, seier han og håpar fleire vil sjå mot potten på 80 milliardar euro, som ligg i EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020.

– Eg hadde personleg ikkje sett meg særlig inn i EU-programma tidlegare, og må innrømme at eg blei svært positivt overraska over dei gode tiltaka som eksisterer. Vi vil heilt klart nytte oss av støtteordningane i Horisont 2020. Med støtte til opptil 70 prosent av kostnadane, er dette ordningar ein berre kan drøyme om andre stadar, avsluttar Gjørsvik.