To tilsette i Nordfjord Havn har hamna i konflikt med arbeidsgjevaren. Den eine har teke ut søksmål mot hamneselskapet.

Fjordenes Tidende er kjent med at den interne konflikten mellom to tilsette og leiinga i det interkommunale selskapet Nordfjord Hamn skal ha vart i fleire månader. Den eine har saksøkt arbeidsgjevaren sin. Den andre er sjukmeldt og har kopla inn Arbeidstilsynet.

Advokat Katrine Hellum-Lilleengen forsvarar ein av dei to tilsette som er i konflikt. Ho vil ikkje seie om hennar klient er i jobb eller ikkje, men stadfestar at LO på vegner av sin klient har teke ut eit søksmål mot Nordfjord Havn. Fordi saka skal opp i retten så ynskjer ho ikkje å gå i detalj om kvifor hennar klient har teke ut søksmålet.

– Det må vi ta i retten. Vi kan ikkje prosedere ei slik sak i media, seier den kjende advokaten.Den tilsette som har teke ut søksmål vil ikkje kommentere saka overfor Fjordenes Tidende og viser til sin advokat.Fjordane Tingrett stadfestar at det er reist eit søksmål mot selskapet. Fjordenes Tidende får ikkje innsyn i søksmålet, og saka er heller ikkje tidfesta.

Tor Harald Granheim er den andre som ligg i konflikt med Nordfjord Hamn. Han er for tida sjukmeldt på grunn av arbeidssituasjonen. Granheim seier konfliktane starta sommaren 2014. Han ynskjer ikkje å gå i detaljar om kva bakgrunnen for konflikten er.

Les meir om saka i papirutgaven av Fjordenes Tidende.