Les Ane barmen sin kommentar som stod i fredagssavisa:

«Men kva er det du DRIV MED? Ikkje gå ned i kjellaren, då, DI TØLE!»

Det er fredag kveld. Eg og mannebeinet har kjærastekveld, som betyr ein god heimelaga middag, noko godt i glaset og ein film. Som vanleg har eg føreslått ein skrekkfilm. Og som vanleg angrar eg. Kvifor er folk i skrekkfilmar så utruleg dumme? Kvifor insisterar dei på å alltid gå ned i mørke kjellarar åleine når det er heilt openbert at der ventar eit hemnlystent spøkelse/ein gal mordar/ein grusom demon der nede?

Eg blir alltid så redd og rasande at eg løyser det med å skrike til TV-en. Det funkar sånn passe.

Eg er eit sånt perverst menneske som både elskar å sjå skumle filmar og som hatar å bli redd. Det har gått så langt at mannen nektar meg å halde han i handa lenger når vi ser film fordi eg nesten forstua to av fingrane hans sist eg heldt på å kveppe ut av mitt gode skinn.

Kanskje det er eit slags urinnstinkt som gjer at vi vel å sjå filmar vi veit vi berre kjem til å kveppe og hyle av. Kanskje det er noko med andrenalinrushet ein får gjennom kroppen som gjer at vi held fram med slike idiotiske aktivitetar. Slik som folk som hoppar i fallskjerm - ein risikerar livet for å kjenne på dødsangsten fyrst og så kicket ein får av å overleve etterpå. (Forutsett at ein faktisk overlever, då.) Slike galne ting er eg altfor pysete/glup til. Men eg likar å sjå ein og annan nifs film iblant. Og Åndenes Makt.

For dei som ikkje er like harry som meg og kjenner til Åndenes Makt kan eg fortelje at det er eit TV-program der folk som er plaga av spøkelser kan ringe TVNorge og få besøk av ein klårsynt. Den klårsynte tek seg ein prat med spøkelset og overtyder vedkomande om å gå over til «den andre sida», og vips er spøkelset borte og alle kan slappe av. Eg elskar dette programmet.

Alt som handlar om det overnaturlege er umåteleg fasinerande, tykkjer eg. Problemet er jo at eg blir ekstremt redd av det også. Etter kvar nye episode ser eg spøkelser i alle krokar heime og tør nesten ikkje gå på do åleine eingong.

Til mitt forsvar er dette truleg genetisk. Mor mi går framleis aldri åleine opp på loftet etter å ha blitt traumatisert av ein skrekkfilm på åttitalet ein gong. Sjølv har eg funne to løysingar på redsleproblemet mitt. Det er sjølvsagt ikkje å slutte å sjå skrekkfilmar, for litt spenning må ein no ha i livet.

Løysinga mi blei å (1) overtale mannen til å få hund, slik at eg tør å sove åleine om han skal på nattevakt, og (2) aldri gå åleine til eit einaste loft, kjellar, garasje, uthus, utedo eller mørke rom generelt. For gudane veit kva som kan ligge og lure i mørket.God helg!