Dei lokale kreftene i Kalvåg som ønskjer å overta Liset- og Vamråkbua fortvilar over det aukande forfallet. Men klare svar frå dagens eigar – Kystmuseet – dryger.

Ein våt og kald vinter har sett nye spor på dei to gamle sjøbuene i Kalvåg. Liset-bua er verst der hol i tak og knuste vindauge gir vatn og vind fritt spelerom.

– Buene er i ein sørgeleg tilstand, og det blir berre verre og verre. Om ikkje noko snart blir gjort, står det til nedfalls, seier Arvid Langeland.

Som tidlegare leiar i Kalvåg kystlag har han vore involvert i prosessen med å få buene tilbake på lokale hender.

Vamråk-bua blei kjøpt av Kystmuseet frå Vamråk-brørne, medan Liset-bua i si tid var ei gåve frå Bremanger kommune til museet i håp om at dei kunne verne kulturverdiane.

– Men Kystmuseet har ikkje gjort noko, og ikkje får vi lov å gjere noko heller, seier noverande kystlagsleiar Bjarne Pedersen, som fortel at Kystlaget bruker delar av Vamråkbua til vinteropplag for båtane.

Bremanger kommune, lokalt næringsliv, samt lag og organisasjonar i Kalvåg, slo seg derfor saman og foreslo for over eit og eit halvt år sidan ein forretningsidé for Kystmuseet: Kommunen overtar eigarskapet til dei to buene, medan lokale krefter står for å skaffe inntekter, drift og vedlikehald

– Vi hadde møte med museet og signala var positive. Men så blei det berre heilt stilt, seier Langeland.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.