Ikkje alle dei lokale barnehageborna har like mange «tanter» og «onkler» rundt seg.

– Dette er ei utvikling eg ikkje likar, fastslår Øyvind Dypveit, styrar i Golvsengane barnehage på Nordfjordeid.

Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det er store ulikskapar i korleis ressursane kjem barna til del i norske barnehagane til gode.

Vanylven er den lokale kommuna som kjem best ut med 5,2 born per ansatt, medan ein i den andre enden finn Eid kor ein har 6,4 born per tilsett

– Eg skulle ønskje vi hadde ein tettare pedagogtettleik, at vi hadde fleire hender. Det gir kvalitet, seier Dypveit, som meiner tala seier noko om kommunane satsar på barnehage eller ikkje.

Dypveit har jobba i barnehage i 15 år, og synes utviklinga går feil veg.

– Eid er ein fattig kommune, og ein må bruke ressursane så godt ein kan. Det viktigaste er personale, og vi har veldig flinke folk. Dei gjer ein kjempejobb, seier han.

Han minner om at det er mykje positivt å sjå i barnehagane i Eid, og at det også handlar om kvaliteten på dei vaksne.

– Vi har ingen pedagogar som går på dispensasjon, og mange assistentar er fagarbeidarar. Kommunen har lagt til rette for at dei får utdanne seg til fagarbeidarar, og at pedagogane får etterutdanning. Vi hadde også to som tok styrarskule i fjor.

Dypveit er fornøgd med ordninga på spesialpedagogane, og meiner dei har god oppfølging av ungane som treng spesialpedagog og gode lokalar.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.