På årsmøtet i Sogn og Fjordane Lektorlag 26. mars på Nordfjordeid vart Mette Opsal ved Eid vidaregåande skule valt til nytt styremedlem, i tillegg til attval på leiar Aud Sissel Hestenes frå Hafstad vidaregåande skule.

Styremedlem Jan Håvar Henden frå Eid vgs. og nestleiar Terje Ødegård frå Måløy vgs., var ikkje på val og held fram i styret. Ny fyrste vara blir Inger Christine Strand Kvalheim frå Måløy vgs. og andre vara Ingvild Haavet Bjørnson frå Hafstad vgs., skriv Sogn og Fjordane Lektorlag i ei pressemelding.

Norsk Lektorlag arbeider for at høg kompetanse og lang utdanning skal verdsetjast i eit system som er framtidsretta og kunnskapsbasert og organiserer lektorar og akademikarar med hovudfag og master frå universitet og høgskular, og er ein del av organisasjonen Akademikerne.