Guten frå Deknepollen har ein uvanleg hobby, nemleg å leite etter, grave fram, samle på og slipe stein. Det har han halde på med i snart tre år.

– For tre år sidan var vi på Peridot-plassen på Åheim, der ein kan leite etter Peridot-stein. Eg fann ein spesiell stein, tok han med til ein geolog og fekk vite at den var svært uvanleg for området. Etter det har eg berre vorte meir interessert i stein og mineral, seier Reédin.

Mykje kunnskap

Reédin har tileigna seg mykje kunnskap på grunn av hobbyen. Ikkje berre kan han namn på steinar og mineral, han kan fortelje korleis kvar stein er laga i naturen, kva dei inneheld og kvar dei kjem ifrå. I tillegg lærer 12-åringen historie og engelsk når han leitar etter informasjon på nettet og i bøker. Han har planar om å reise rundt i verda til spanande stader.

– Då eg var åtte gjekk eg på Hornelen, og eg har vore på Skåla og Galdhøpiggen. Eg vil reise til Egypt og den kjende krystallgruva Naica i Mexico, fortel han entusiastisk.

☻Reédin sitt førebilete er steinentusiasten Torgeir T. Garmo. Garmo er imponert over at ein ung gut har så stor interesse for stein, og over all kunnskapen han har tileigna seg.

– Han er systematisk og ivrig, det er gode eigenskapar å ha.

Yrkesliv

Han håpar Reédin held fram med interessa si, men 12-åringen sjølv veit ikkje kva han vil gjere når han vert eldre.

– Eg har tenkt på forskjellige yrker, men veit ikkje om eg vil verte geolog. Kanskje eg held fram med stein som hobby. Vi får sjå om eg framleis er interessert når eg vert eldre.Mor til Reédin, Marleén Blålid Hodne, er positiv til Reédin sin sunne hobby, og fortel at ho ofte vaskar og ber stein for Reédin, i tillegg til å vere sjåfør. Men den unge guten har også andre hobbyar, blant anna kajakk, klatring, ski, fjelltur, turn og handball, så Reédin er ein aktiv kar.– Men steinsamling er også ganske god trening, ein må bere mykje tung stein! smiler han.

Eg vil reise til krystallgruva Naica i Mexico.

Reédin Blålid Hodne