Jostein Hals fra Måløy kan bli kåra til Skandinavias beste bussjåfør.

– Det er jo ein seier i seg sjølv å kome til finalen blant over 2.000 sjåførar, fortel Jostein Hals frå Måløy, som køyrer fast Nordfjord-ekspressen mellom Måløy og Oslo. Nettbus har sidan oktober gjennomført eit internt meisterskap blant over 2.000 sjåførar i Noreg og Sverige.

Målet er å kåre den beste sjåføren innan sikker, miljø og kundevennleg køyring. I helga skal Hals til Oslo, der han skal konkurrere om å bli Skandinavias beste bussjåfør.

– Eg ønskjer at passasjerane skal få ei behageleg reise når dei sitt på bussen, og det med komfortabel køyrestil og behageleg reise heng saman. Fokuserer ein på at kundane har det bra i bussen, så går resten automatisk, fortel han.

Hals legg ikkje skjul på at det er stas å vere blant dei ti beste i Nettbuss.

Nettbuss innførte i 2012 eit flåtestyringssystem med formål å auke trafikksikkerheiten og ein meir miljø- og kundevennleg køyring.