Tvillingane Maria og Simen Vangberg frå Nordfjordeid er spenn klare for sin store konfirmasjonsdag – i bunad.

– Vi gleder oss til å stå i sentrum denne dagen, seier Maria og Simen, som ikkje har noko imot å måtte dele dagen med tvillingen sin.

På konfirmasjonsdagen 14. mai i Eid kyrkje pyntar dei seg opp i Nordfjordbunad, som også er konfirmasjonsgåve.Bunad er tradisjon, og frå dei var små har dei alltid vore vande med å kle seg opp i bunad når det var noko spesielt som skulle feirast.

Idet vi går inn i høgseseongen for konfirmasjon feirar tusen norske familiar sin 15-åring i desse dagar.

Nokon konfirmantar svergar til bunad, andre går for ein lekker festkjole eller staseleg dress.Korleis konfirmantane pyntar seg på konfirmasjonsdagen varierer litt frå kvar ein bur i landet.

På tjukkaste Austlandet er det meir vanleg å droppe bunaden for jentene, medan i distrikt der bunaden står sterkt er det få konfirmantjenter som ikkje har bunad.

– For oss var det naturleg med bunad på konfirmasjonsdagen. Vi er vande med det, og det er fint, seier Simen og Maria.

Simen synes også det er greitt å ikkje ha dress som dei fleste andre konfirmantgutane.

For gutar er det likevel få som vel bunad, fordi mange vil vente til dei er meir utvokst.

Kjole for jentene er også lov.

– Både konfirmant og gjestar kan trygt velje ein sommarleg kjole – både kort og lang er lov. Men styr unna djup utringing, gjennomsiktige parti og kort-kort lengde, og gå heller for ein elegant kjole som du kan bruke til fleire høve, skriv minmote.no.