– Marineblått er det desidert største innan konfirmasjonsdressar, fortel Per Arne Lefdal, dagleg leiar av Vic Lefdal i Måløy.

Jentene som skal konfirmerast vel gjerne bunad på den store dagen, men for gutane er det blå dress som gjeld.

– Blått har overtatt for den svarte, som har vore den klassiske fargen. Grått kjem no som ein god nummer to, seier Lefdal. I desse dagar har dei hatt mange konfirmantar med foreldre innom dørene som sikrar seg kle til den store dagen. Ein konfirmasjonsdress med dress, skjorte og slips/sløyfe kjem gjerne på rundt 3.300 kroner.

– Alt er lov i dag, men det er ein liten overvekt av dei som vel sløyfer. Tilbehøyret er viktig. Det er den klassiske, elegante stilen som gjeld, og dei fleste vel kvit eller lys blå skjorte. Også sløyfa er i rolege fargar. Ein ser ikkje lenger grøne eller rosa skjorter, slik som for nokre år sidan, smiler han. Til blå dress er det mange som vel brune sko og brunt belte.

– Når det gjeld jentene har nok dei fleste bunad, men nokre vel å skifte til ein lettare kjole ut på dagen. Då er det fint med friske fargar, som korall, mint eller blåfargar, seier Bodil Trollebø, avdelingsleiar for dameavdelinga.