Ein time over midnatt natt til laurdag hamna ein mann i krangel med dørvaktene ved ein serveringsstad i Måløy.

Det enda med at han gjekk til fysisk angrep på dei og ville slåst.

Politiet vart kontakta, og dei påla mannen å forlate staden.

Episoden vil bli formeldt meldt til politiet.

Det er ikkje meldt om fysiske skader.