Andrea Magnussen har nett fylt tre år, men har allereie eit halvt års rideerfaring.

I haust byrja Andrea Magnussen å ri 2,5 år gammal. Favoritthesten heiter Skella (30), den eldste og rolegaste islandshesten på Evas ridesenter.

– Andrea er spesiell, ho er født hestejente. Det blir nok dyrt for mor etter kvart, når ho krev litt meir, smiler Eva Bjørhovde som driv Evas ridesenter på Haugane.

Mor Anda Karasniece opplevde at dottera si store lidenskap for hest ikkje gjekk over, etter at ho fekk prøve å ri litt på Fjordhestsenteret, berre 1 år og 9 månader gammal. Etter det undersøkte ho om nokon kunne gje Andrea ridetimar.

– I byrjinga var det vanskeleg å få nokon til å seie ja, sidan ho berre var to år gammal. Som mor vil eg jo støtte opp om hesteinteressa hennar, og heldigvis gav Evas ridesenter oss ein sjanse, fortel Anda.