Elevane på Kolset oppvekst får kvalifiserte lærarar og ny rektor til hausten.

– Vi har nesten lagd heile kabalen, og veit no at vi får på plass pedagogisk personale og ny driftssjef, seier ein glad kommunalsjef, Gro Bakke Abildsnes i Bremanger kommune.

– Det har vore vanskeleg å skaffe pedagogisk personale. Men slik det ser ut, får vi kvalifisert personale, seier ho.Kommunalsjefen er svært glad for at saka har løyst seg, spesielt for dei 14 elevane ved skulen. Til eit vikariat i stillinga som driftssjef kjem Cathrine Lindhagen som i dag er lærar ved Kalvåg oppvekst. Driftssjef Bjørg Olsbø har søkt eitt års permisjon.

– Det var ikkje nokon som søkte vikariatet, men vi har funne ein person internt, seier Bakke Abildsnes.Det kan bli tre lærarar og ein driftssjef ved Kolset oppvekst neste skuleår. Men det er ikkje alle som har svart på om dei tar imot jobben.

– Det blir kanskje ikkje pedagogar i alle stillingar, men det kjem også an på stillingsstorleikar, seier Abildsnes, som rosar Olsbø for at ho har tatt på seg både meir undervising og kontaktlærarjobben dette året.

Les hele saken i papirutgaven av Fjordenes Tidende.