Sogn og Fjordane Høgre gler seg over meldinga frå kommunal og moderni-seringsminister Jan Tore Sanner til Høgres landsmøte om ny ordning med ferjeavløysing også for fylkesvegane.

Dette er eit gjennombrot for ei raskare realisering av viktige ferjeavløysingsprosjekt for fylkesvegane på kysten av Sogn og Fjordane. Kysten treng fastlandssamband for å vidareutvikle næringslivet og styrke busetnaden, heiter det i ei pressemelding fra Sogn og Fjordane Høgre.

I Sogn og Fjordane er desse prosjekta aktuelle:

- Kystvegen – kryssing av Nordfjorden i ytremellom Bremanger og Vågsøy

- Atløysambandet, Askvoll kommune

- ytre Steinsund, Solund kommune

- Dette kan føre til at fleire fylke får høve til å investere i vegprosjekt der bruer/tunnelar erstattar ferjer, sa Jan Tore Sanner då han presenterte nyheita om at vi får på plass ei ferjeavløysingsordning som har vore sterkt etterlengta på kysten.

Ordninga kjem som ein del av kommuneøkonomi-proposisjonen i vår.

- Ei gledas dag ikkje berre for kysten, men for heile Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

- Eg er stolt av regjeringa som her leverer på saker som vi er viktige for vårt fylke – og som vi har jobba for i lang tid, seier fylkesleiar Arve Mjømen (H).

- Dette gjer at vi som fylkespolitikarar får verktøy til å realisere viktige samferdsleprosjekt på kysten - som vil legge til rette for vekst og verdiskaping i fylket vårt, seier fylkesordførarkandidat Noralv Distad(H).

Les hele talen til Jan Tore Sanner (H) her.