Westtip Supplies UB frå Eid vgs sanka inn heile fem førsteplassar på NM i Ungdomsbedrifter, og dei er andre beste ungdomsbedrift i landet.

- Vi er strålande glade for alle prisane, men skulle gjerne ha sikra oss prisen som beste ungdomsbedrift i landet. Andreplass er også bra, men vi og mange andre var ganske overraska over at vi ikkje blei best i landet, seier dagleg leiar Sindre Kolseth.

Men han innrømmer at dei ikkje har nokon grunn til å henge med hovudet når dei torsdag reiser heim igjen frå eit NM der gutane frå Eid vgs har satt spor.

- Det er store prisar vi har sikra oss. Å ta heim seks prisar i bagasjerommet er stort, og silkassa vår har blitt lagt merke til, fastslår han.

Westtip Supplies UB er beste yrkesfaglege bedrift. Under NM for ungdomsbedrifter vann dei også Shells innovasjonspris, Ferdsprisen for størst verdiskapingspotensial, førstepris for beste utstilling,og fekk andreplass i kategorien beste ungdomsbedrift.

I tillegg vart Sindre Kolseth kåra til å vere beste seljar.