– Pur lykkekjensle, fastslår Silje Kvalvik på Nordfjordeid, etter kåringa av gromhingsten Hugo under hingsteutstillinga på Eid i helga

Fjordhingsten Hugo var berre ein av tre som vart kåra av treårshingstane. Dommarane var knallharde i dømminga i den yngste klassa, og mange måtte reise heim utan å ha kome gjennom det smale nålauget.

Hugo derimot vart både kåra og fekk andreplass i kvalitet. og Jubelen var stor hos eigarane Silje Kvalvik og Steinar Furnes.

– Dette er veldig kjekt. Ein håpar alltid, men kan aldri vite korleis dommarane vil dømme, seier Furnes.

– Det kom nokre gledestårer. Det er dette vi har jobba mot, og dette er kjempestort for oss. Han gjorde også ei veldig god køyreprøve, den nest beste av alle, smiler Kvalvik glad.

Hugo er populær hos mange, og var spiss både som eitt- og toåring.

– I fjor ville svenskane kjøpe han, og i år er det danskane som vil ha han. Men vi beheld han, og skal satse mot neste år, seier dei stolte eigarane.

Det er nettopp treåringane av hingstane det knyter seg størst spenning til. Det er her ein ser linjene i korleis ein vil ha fjordhestavlen vidare. Men det vart berre tre godkjente av 15 hingstar.

Best av alle unghestane var Alme Baronen frå Ørsta. Dommarane likte det dei såg med denne spissen, og både kåra, gjorde han nummer ein i kvalitet og gav han raud sløyfe.

Kåra vart også Prins Tor frå Valestrandfossen, elles måtte resten reise heim utan kåring.

Heile saka står i Fjordenes Tidende si papirutgåve måndag.