Eldrerådet meiner den noverande leg  evaktordninga i Bremanger er uforsvarleg og har tatt saka vidare til fylkeslegen.

– Vi fryktar at den lange avstanden til legevakt kan setje liv og helse i fare, seier Åge Tansøy, medlem i Eldrerådet i Bremanger kommune. Han viser til at innbyggjarane ofte må reise til Flora kommune og bruke deira legevaktteneste på kveld og natt.

For pasientar i Kalvåg betyr dette ein reisetid på kring to timar, og for halvparten av dei andre pasientane i kommunen betyr det ei reisetid på kring halvannen time.

Pensjonistlag både frå Kalvåg og Bremanger har tidlegare sendt inn ein klage til kommunen, der dei også meiner at ordninga er uforsvarleg.

Klager til fylkeslegen

No ber Eldrerådet fylkeslegen vurdere om kommunen si legevaktordning er forsvarleg.

– Vi fekk forståinga av at samarbeidet med Flora kommune skulle vere ei naudløysing, ikkje normalen, seier Tansøy.I dag går tre av fire fastlegar i Bremanger kommune ikkje i legevakt, og vikarlegen som tidlegare tok det meste av legevakttenesta slutta 16. mai. No betyr det at det er legevaktansvarleg som vil måtte ta på seg fleire vakter.

Kommunalsjef Randi Ytrehus har tidlegare sagt til Fjordenes Tidende at ein av den grunn ikkje vil greie å dekke inn legebehovet i kommunen heile døgnet, og at bruk av legevakttenester i Florø må halde fram. Ei av tilrådingane som kommunalsjefen har fått på bordet av legane i Bremanger er at ein sentraliserer legevakta mellom klokka 20.00 og 08.00 utanfor kommunen.

– Men eg synest ikkje det er haldbart for sjuke menneska som må kome seg til lege, seier Tansøy.

Støtter pensjonistlaga

Etter fleire rundar med kommunen, både frå Eldrerådet og pensjonistlaga i Kalvåg og Bremanger, håper Tansøy og dei andre i Eldrerådet at klaga til fylkeslegen vil føre til ei betre ordning i kommunen.

– Vi har berre fått vage svar frå kommunen, og slik har det vore lenge, seier Tansøy.

– Det må bli enklare for folk å kome seg til lege når dei treng hjelp. Vi treng legevakt i kommunen, både på kveld og natt.