I desse dagar gjev Magne Vik Arset (80) ut boka Søtaste solbæra for eige forlag. Det er ei bok med barndomsminne frå livet nær ein tysk militærleir under krigen.

- Eg har lenge hatt eit ønske om at både mine eigne etterkomarar og andre skal få eit innblikk i kva som skjedde den gongen. Sjølv var eg ein smågut under krigen, og mykje av det som skjedde skjønte eg ikkje før seinare i livet, seier Vik Arset i ei pressemelding.

Vik Arset kjem frå Åram i Vanylven, og boka han har skrive formidlar lokal krigshistorie på ein ny og spanande måte.

- Eg opplevde mange dilemma og episodar i møte med tyske offiserar, og boktittelen spelar på ei av desse episodane, seier han.

Når han no vel å gi ut bok i ein alder av 80 år, er det for å minne om at fridomen ikkje må takast for gitt, og at ein ikkje må gløyme det som skjedde.

Boka er illustrert med blyantteikningar av biletkunstnar Anne Haaberg og teikningar av Leif Sæther.