Sokneprest Fridleif Lydersen likar Frøya kyrkje, og pinseafta starta han og soknebarna 150-årsfeiringa.

– Eg trivst i denne kyrkja, seier Fridleif Lydersen, som er sokneprest i Frøya kyrkje i jubileumsåret.

Det er heile atmosfæren i kyrkja soknepresten likar, og Lydersen, som vart ordinert her, seier at han alltid kjem til å ha eit nært forhold til Kalvåg-kyrkja.

– Eg likar treveggane. Det er godt tømmer som gjev god varme. Dessutan har kyrkja veldig god akustikk, som er godt for preika, når vi syng salmar og elles når det er musikk i kyrkja, seier Fridleif Lydersen.

Nøstdahl og Lien

Han stilte i svart kjole og pipekrage for å vere med å markere historia til hovudkyrkja i Bremanger som jubilerer.

Det vart ei solskinsstund utanfor kyrkja, og det kom mange fleire enn venta som ville vere med og høyre historia om nedlegging av grunnsteinane.

Soknerådsleiar Olav Jarl Frøyen las noko av det sokneprest Ulrik Koren hadde skrive ned, og at det kosta 5025 spesidalar å få bygd tømmerkyrkja i åra 1864 til 1865. Det var nordfjordingane Rasmus Nøstdahl og Gjert Lien som reiste bygget.

– Det såg ut for at folk kosa seg på markeringa, seier Frøyen, som fekk høyre etterpå at folk var veldig glade for stunda dei hadde fått med seg med salmesong og andakt på kyrkjebakken, før det var kyrkjekaffi og kaker inne.

Olav Jarl Frøyen vil takke Kalvåg Kystlag som kom og rodde presten slik det var vanleg i tidlegare tider, og han er glad for at så mange kledde seg opp i gamle klede til feiringa. Dette vart slik soknerådet hadde håpa.

– Dette var kjempevellukka, seier Frøyen. Den neste feiringa blir ein konsert i oktober, før den store jubileumsfesten i desember.

Stormane tok spiret

Kyrkjetenar Kari Melvær Vadøy har arbeidd 20 år i kyrkja, og kan fortelje mykje av historia.

– Det var litt krig då dei skulle ha ny kyrkje etter Grotle-kyrkja, seier ho. Kampen stod mellom Frøya og Rylandseidet. Elles er det ei kjensgjerning at kyrkja står vêrutsett til. Den første jula i 1865 knaka det hardt i veggane, og det første spiret vart øydelagt av stormane.