– I år skal eg prøve å få fisk på kroken, seier Kristoffer Eikeset (13) frå Eid, som gleder seg stor til laksesesongen i Eidselva startar.

Spenninga er stor før opninga av fisket startar natt til 1. juni, og det dårlege fisket i fjor sit friskt i minnet til laksefiskarane.

– I år er det ein spesiell opningsdag. Fordi det er på ein måndag og folk er i arbeid, er det ettermiddagen i opningsdøgnet som er mest ettertrakta til å fiske, fortel Svenn Morten Eikeset, leiar i Eid Sportsfiskarlag.

– I dei siste dagane har elva vakse veldig. God vassføring med mykje vatn er bra. Stor elv gir godt fiske, hevdar Svenn Morten.

Han meiner temperatur med over sju grader har vore bra.

– Vi har sein snøsmelting, og det ligg eit godt lager med snø oppe i fjellet. Det gir oss tilgang på mykje vatn utover i sesongen, meiner han. Svenn Morten og sonen Kristoffer gleder seg.

– Når våren kjem, er det spesielt når ein begynner og ta fram fiskestengene, meiner Kristoffer. Han kan mellom anna skryte på seg ein sjøaure på 1,5 kg tatt på Stokkenes.

– No er eg veldig klar for å få ein skikkeleg laks, seier Kristoffer. No er dei klare til å jakte på storfisken.

Vil ha fleire unge

– Vi vil gjerne ha rekruttar. Det er ikkje mange juniormedlemmer i sportsfiskarlaget. Vi har vel fire-fem som er under 18 år, men vi har høve til å ta med yngre på fiske. Då er det viktig å ikkje halde på for lenge kvar gong.

Fiske skal vere lystprega, og det er greitt å ha med noko godt å ete. Ein må forklare godt til dei unge, og ikkje berre stå og kaste og kaste, meiner Svenn Morten.

Sjølv likar han helst å få laks på sju-åtte kilo.

– Får eg ein på ni er eg i ekstase, men eg vil helst ikkje ha større enn det. Eg har vore bort i større fisk under overvåkningsfiske for å følgje med på oppgangen av oppdrett. Tjue kilo på stanga er veldig tungt, smiler han.

Laks observert

– Vi har to bruer langt nede i elva, Osbrua og Skipenesbrua, og fisk stoppar opp med brukara både nedanfor og ovanfor. Laksen er opp og viser seg, og det har vorte observert storfisk i elva også i år, fortel Svenn Morten.

– Når ein seg fisk så planlegg ein fort at «den er min», smiler han.