Det er framleis usikkert korleis fylkeslegen vil behandle klaga frå Eldrerådet på sentralisert legevaktordning i Bremanger.

– Det er kommunen som i første hand må vurdere om eiga legevaktordning er forsvarleg og eventuelt endre denne ut ifrå klagen. Dersom kommunen vel ikkje å gjere endringar, kan vi vurdere saka, seier assisterande fylkeslege Kristine Longfellow om klaga frå Eldrerådet i Bremanger.

Kan ikkje pålegge

I klaga, som vart sendt inn førre veke, spør Eldrerådet om fylkeslegen kan gjere ei vurdering på om den nåverande legevaktordninga i kommunen er forsvarleg.

– Vi vil vurdere brevet frå Eldrerådet denne veka, seier Longfellow.I klaga til fylkeslegen skriv Eldrerådet at det er uforsvarleg av kommunen å berre ha ein lege på vakt på kveld og natt. Dei viser til at pasientar ofte må reise til Florø som ein følgje av den reduserte legebemanninga, og at pasientar i Kalvåg må reise kring to timar for å kome seg til legevakta i nabokommunen.

Krav til responstid

Pensjonistlag, sanitetsforeiningar og handikaplag har i tillegg sendt inn skriftlege klager til kommunen, der dei reagerer sterkt på sentraliseringa av legevaktordninga. Dei meiner også det ligg eit krav om at 90 prosent av befolkninga skal ha maksimalt 40 minutt til nærmaste legevakt.

Men i den nye akuttmedisinforskrifta er ikkje dette eit krav til kommunane, ifølgje forskar Erik Zachariassen ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin. Kva som definerer forsvarleg responstid har også vore utfordrande i andre kommunar, til dømes Balestrand, ifølgje assisterande fylkeslege Kristine Longfellow.

– Fleire av innbyggjarane i Balestrand har lang veg til legevakta i Førde, og eg veit at legevakta no undersøkjer korleis dei vil stille seg til dei som har lang reiseveg, og finne ut av kva som er forsvarleg med tanke på pasienttryggleik.

Longfellow legg til at tilsynsmyndigheitene i nær framtid skal ha eit møte om kva råd dei kan gi til kommunar som slit med lang reiseveg til nærmaste legevakt, samt kommunar som slit med å rekruttere kompetente legar til distrikta.