Jaktsesongen er i full gang for Malakoff Rockfestival. Dei leitar etter 800 frivillige.

– Utan frivillige ingen festival. Vi er absolutt avhengig av dei frivillige, og har ikkje høve til å leige inn folk, seier festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

No er jakta etter fleire frivillige i full gang. Etter tolv år med rockefestival i bygda føler han likevel ikkje at interessa for å stille opp på dugnad har dabba av.

– Folk er minst like flinke til å stille opp som tidlegare. Men ettersom vi treng heile 800 personar må vi jobbe meir med å få tak i folk, fortel han. Naustdal trur Malakoff er den festivalen som har mest frivillige per tilskodar.

Frivillige frå ytre

Siste åra har ein fått fleire frivillige også utanfor Eid. Fleire har funne ut at det er greitt å ta ei vakt på festivalen, når dei likevel køyrer ungdommane sin hit. Sjølv om ein går vakt føler ein at ein er på festival og får med seg det ein har lyst til, samtidig som ein er i beredskap som foreldre, seier Naustdal. Han håper denne trenden held fram.

– Vi har mange foreldre frå ytre Nordfjord som stiller opp. Det er eit stort potensial å få med foreldre frå andre stadar enn Eid, meiner han.

Alle aldrar

– Det er behov for frivillige i alle aldrar. Her er alltid varierte arbeidsoppgåver, og ein kan velje det ein føler ein kan meistre, påpeikar han.

– Vi har 1.539 frivilligvakter som skal fyllast, og det er mange som går to eller tre vakter. Vi ønskjer ikkje for lange skift, seier Naustdal, som meiner Malakoff er ein trygg festival å vere fordi det er mange godt vaksne der.

– Nettopp på grunn av mange synlege vakter og mange vaksenpersonar slepp vi unna med få problemtilfelle. Og dei tilfelle som skjer får vi ordna opp i før det utviklar seg vidare, meiner han.

Minst delaktig

Naustdal vil også ha fleire ungdommar med som vakter.

– Ungdom er den gruppa som forbrukar Malakoff mest, men som er minst delaktig på frivilligfronten. Dei fleste frivillige er i alderen 30-60 år, men vi treng fleire i aldersgruppa 18-30 år. Det er viktig å ha alle aldersgrupper som vakt. I fjor hadde vi også 40 miljøvakter under 18 år, og fleire av dei har allereie meldt seg, fortel han.