Sist veke opna Shno Fatah og ektemannen Swhana Raoof ein MIX-butikk i det gamle Shell-lokalet i Måløy.

Fatah fortel at ho og ektemannen har vore på utkikk etter passande lokale tidlegare, men at prisen ofte har vore for høg, eller beliggenheita feil. No har det endeleg ordna seg.

- Vi er svært nøgde med dette lokalet. Her er god plass, og i tillegg ligg det veldig sentralt. Vi håpar at dette kan bli ein bra, koseleg plass som mange ynskjer å nytte seg av. Aktivitet i sentrum er alltid bra, smiler ho.

Fatah fortel at opningstidene kjem til å bli annleis, og presiserer at dei berre driv kiosken, ikkje vaskehall og bensinpumper.